Trandals bluespris til Marie Kristin Dale

.

Trandalblues deler ut Bratt og blått-prisen, en hederspris til en person, artist, gruppe eller organisasjonen som har utmerket seg spesielt. I år gikk prisen til Marie Kristin Dale, sangerinna og gitaristen som de siste årene har blitt en favoritt i det norske bluesmiljøet med sin trio MK’s Marvellous Medicine.

I begrunnelsen for tildelingen sa arrangørene:
- Blues er tradisjonsmusikk. Blues var for lenge sidan og blues er her og no. Chuck Berry var ein vis mann. Klokare enn dei fleste. Og hans tekstar og dei manifesta han gav er grunnleggande for at vi e her vi e. «Hail hail rock and roll, The feeling is there, body and soul.» Vi veit at feeling og soul kjem frå «the blues», og at Chuck bygde alle sine skildringar om dette som handlar om sjela vår.
Det er ikkje så langt som vi trur frå hardingfela til ein god gitar, gjerne ein Stratocaster, - frå blues til rock and roll. Eg skal ikkje ta det vidare her, men tradisjon og utvikling er heilt avhenging av at det kjem nye kostar til, at det vi helde på med vert løfta opp til nye generasjonar. Det har vore snakka om at dette e ei døyande grein av kulturtreet. Dei vise skrive om den såkalla nye tida og om alt som skal kome og om det som var.
Vi meiner at det veks, vi meiner at det gror. Bratt og blått-prisen har vi tidlegare gitt både til fortid, entusiasme og til formidling. I dag vil vi gje denne til framtid og ei formidling av denne sjangeren som ikkje liknar noke anna. Når såg vi sist ein av Norges beste bluesgitarista under tjuefem år? Når va det sist ei likandes jente frå Bergen? Marie Kristin – årets brattogblåttpris går til deg! Haldt fram slik du helde på!

Bluesnews gratulerer.

Bildet viser Marie Kristin Dale sammen med arrangørene Kyrre Grimstad, Terje Myklebust og Arne Moe. (Tekst/foto: Roald Jungård).