|

Chicagoblues-legenden Hubert Sumlin døde på sykehuset i Wayne, New Jersey mandag 5. desember. Sumlin ble kjent for sine mange år som gitarist i bandet til Howlin' Wolf. Han besøkte Norge flere ganger og har også turnert med norske musikere. Hubert Sumlin ble 80 år gammel. Bildet viser Sumlin (t.v.) sammen med Pinetop Perkins på Lillehammer Bluesfestival 2006. (Foto: Merete Eide).
Minneord av Arle Hjelmeland
"The Riffmaster" Hubert Sumlin gjekk bort sundag 4. desember, 80 år gammal. Sumlin har inspirert generasjonar av gitaristar og ga riffa til bluesklassikarar som Spoonful, Wang Dang Doodle og Back Door Man.
Krafta i samarbeidet mellom Sumlin og Howlin' Wolf var like viktig for blues, som energien mellom Scotty Moore og Elvis var for rock. Keith Richards, Stevie Ray Vaughan og Jimmie Page var svært influert av Sumlin. For Jimi Hendrix var han den største inspirasjonskjelda.
Good Time Charlie var backingband for Hubert på to norgesturnéar, og vi opplevde han som ein stor musikalsk gledesspreiiar, både på og utanfor scena. Han var eit musikalsk leikande vesen. Generøs, vittig, snill - eit levande bluesleksikon. I bandbussen var han eit oppkome av blues-historier.
Det var stort å oppleve kvar gong han fekk gitaren mellom hendene, då blei han som eit barn som fekk favorittleika. Heile mannen strålte! Her trur eg magien til Hubert låg. Han nytta kvart sekund med gitaren til å leike seg med blå tonar.
Eg tenkjer ofte på det, og det går meir og meir opp for meg kor heldig, og stolt eg er av å ha kjent og spelt med Hubert Sumlin. Å ha opplevd han som musikar og menneske er ei konstant kjelde til inspirasjon.
Fred over hans minne.

Hubert Sumlin og Good Time Charlie i 1997. (Foto: Leif Skaar).

Hubert Sumlin og Good Time Charlie i Odda i 2005. (Foto: Geir Høiland).

Hubert Sumlin og Bonnie Raitt avduker Mississippi Trail Marker for Fred McDowell i mai 2009. (Foto: Merete Eide).

Hubert Sumlin på Lillehammer Bluesfestival 2006.
|