Fulle hus og publikumsrekord for Fjordblues

.

– Det er sjølvsagt kjekt å jubilere når det blir som i år, smilte nøgde arrangørar etter å ha opplevd fulle hus over alt og dermed ein solid publikumsrekord for den 20. Fjordbluesfestivalen på Sandane i Nordfjord.

Festivalen hadde i tillegg eit program som ganske sikkert gjer den til «The best ever». Den samlar folk frå eit stort geografisk område og tilbakemeldingane frå publikum og artistar var unisont gode. Refrenget gjekk på at her kosar vi oss og dette er ein god festival. Artistane rosa kontakten med publikum og mottakinga dei fekk av arrangørane.

Noko for alle
Med det programmet arrangørane presenterte i år, fordelt på 21 konsertar, skal det godt gjerast å ikkje finne noko som fall i smak. Det var rolege, akustiske soul-låtar i salongkonserten til Hannah Aldridge. Det var det drivande gitarspelet til Daniel Eriksen, det velkjende lydbiletet til Good Time Charlie og det nesten uverkelege og intense sceneshowet til Dana Fuchs med den fantastiske stemma og utstrålinga som tok publikum med storm og fekk over 300 menneske til å gå av hengslene fredag kveld. Endå har vi ikkje nemnt det amerikanske bandet Cordovas som spela litt på sida av bluesformatet, men fekk mykje god omtale og spelte musikk som må lyttast til og som kanskje var meir rock/roots enn blues. Og det fantastiske munnspelet til amerikanske Rick Estrin må berre opplevast. Der handla det om rå og uforfalska blues med ein glitrande gitarist i norske Kid Andersen som supplerte munnspelet og vokalen til Estrin på framifrå måte.  

     Dana Fuchs fekk over 300 menneske til å gå av hengslene.

Salongkonsert med Hannah Aldridge. (Foto: Arve Reistad).

Aaron Keylock.

- Få slutt på husmannsånda 
Ein som i år var tilbake på Fjordblues, var Arle Hjelmeland med bandet Good Time Charlie (bildet under).. Med seg til Sandane hadde dei den nye plata si, «Ready To Rumble», den tiande i rekkja.
Konserten på Sandane starta med første spor på den nye plata, «Ready» og på eit blunk var dansegolvet fullt, for det er nemleg slik det er med denne plata, at mykje av musikken er dansbar.

Leiande innen sin sjanger
Etter starten i 1982 utvikla bandet seg raskt til å bli eitt av dei absolutt leiande innan sin sjanger her til lands. Med sin spesielle og eigenarta stil og sound har dei heile tida vore gode ambassadørar for soul og rhythm & blues, kanskje spesielt stilen som utvikla seg på 50- og 60-talet. I dag er det berre frontfigur, vokalist, komponist, tekstforfattar og munnspelar, Arle Hjelmeland frå Førde, som er att av den opphavlege besetninga.
- Det var fantastisk å spele her på Sandane igjen, og når det gjeld den nye plata, så kan eg seie at vi legg mykje arbeid i dette å lage plater og vi er også eit aktivt turnéband. Det som også er kjekt er å oppleve den responsen vi får frå alle aldersgrupper, smilte mannen som har gjort mykje for å spreie «blå» musikk til barn og unge gjennom ei lang rekkje med skulekonsertar rundt om.

Norske tekstar
- Tekstane skal alltid bety noko for meg, det gjeld også barneplatene, seier Hjelmeland som har opplevd at tekstane til barneplatene har blitt brukte i skulane, og det er tekstar laga av ein mann som i ungdomen ikkje brydde seg om å skrive norske tekstar, men som etter kvart gjekk gjennom ein prosess der dialekt vart viktig.
- Tekstane til barneplatene handlar mykje om det å stole på seg sjølv, og eg føler at vi har god kontakt med dei unge på konsertane våre. Det var eventyrleg å spele for 400 barn og unge her på Fjordblues, fortel Hjelmeland som har levd med blues sidan han var 12 år. Men Arle Hjelmeland har også ei oppfordring til bluesmiljøet.
- Bluesmiljøet i Noreg må bli flinkare til å oppsøke barn og unge der dei er. Eg elskar å spele for born, det er eit ærleg og flott publikum.
- Har du litt av barnet i deg, kanskje?
- Ja eg har nok litt av den barnlege leiken i meg.

Husmannsånd
Arle Hjelmeland fortel at han er stolt av den nye, kritikarroste plata, ei plate som blir spela jamleg  på radiostasjonar over heile verda. Plata er ei nydeleg blanding av drivande Rhythm & Blues og roleg, melodiøs soul. Musikken er like fin å lytte til som å danse til, og det velkjende lydbiletet til Good Time Charlie er aldri til å ta feil av. Tekstane er alle av Arle Hjelmeland, medan melodiane denne gongen er av Morten Skage og Steinar Karlsen.
- Responsen vi har fått på denne plata har gjort noko med bandet. Den viser at det går an å nå opp for eit lokalt band med folk frå Førde, Eikefjord og Bergen, seier mannen som òg er oppteken av det han kallar ei litt for stor husmannsånd mellom norske festivalarrangørar og publikum.   
- Det verkar som om alt automatisk blir så mykje betre om det kjem frå USA eller England. Berre sjå på Daniel Eriksen som starta her i kveld. Han er norsk og fantastisk god, var beskjeden frå ein av nestorane innan norsk rhythm & blues.

- Spelar til eg stuper 
Arle Hjelmeland (bildet under) har vore musikar i 35 år, men 59-åringen har ingen planar om å gje seg. Neste år blir det ny barneplate og målet er at Good Time Charlie skal halde fram med å utvikle seg.

Daniel Eriksen - imponerandre einmannsorkester.

Imponerande einmannsorkester
- Skriv du ikkje noko pent om denne fyren, får du pryl, var meldinga vi fekk frå ein kar som fekk med seg konserten til Daniel Eriksen frå Tromsø fredag kveld.
Ja, pryl er det best å passe seg for, smilte Eriksen då vi møtte han etter konserten. Bluesgitaristen frå Tromsø var på Fjordblues for første gong, ikkje fordi han ikkje har ønskt å vere der, men fordi Fjordblues alltid har kollidert med ein årleg tur til USA.

Mange konsertar
- Det var veldig triveleg å spele her og eg likar festivalar som held til på hotell, sa Daniel Eriksen leverte heile fire konsertar i helga, to på Lauget og to på hotellet. 
- Eg er her for å arbeide, så det går fint var beskjeden for mannen som har fem plater bak seg og fekk Spelemannsprisen for «Moonshine Hymns» i 2014. Under konserten fredag fekk vi høyre skjelvande bluestonar, kombinert med drivande gitarakkordar der sørstatsmusikken i sine mange valørar strøymde ut til eit imponert publikum.
- Han er ikkje berre småflink, han er fantastisk god, var meldinga frå Arle Hjelmeland etter konserten, og den tidlegare omtala publikumaren sa det slik:
- Vi har så lett for å fokusere på dei store stjernene, men han her er fullt på høgde. Det er utruleg at det går an å få så mykje musikk ut av ein gitar.

Tekst: Hallstein Dvergsdal, Firda Tidend – Foto: Roald Jungård